Post by RogerFJeg får tilbud om å kjøpe aksjer i firmaet jeg jobber i.
Eierforholdet er nå at en ekstern eier har 34% og en del ansatte
eier resten. Aksjene omsettes ikke, det blir ikke mulig å selge
fritt. En del av de ansatte eierne selger akser til oss andre
ansatte. Selskapet ble etablert i 2001 og har hatt gode
resultater.
Finnes det noen tommelfingerregel for fastsetting av selskapets
verdi og aksjeverdi?
litt seint svar, men eg prøver likevel etter beste evne.
selskapets verdi finn du i årsrekneskapet. det er mogleg at denne
ikkje er tilgjengeleg for deg, men alle eigarar har rett på
informasjonen, og du har sannsynlegvis nokon å spørje.
du kan bruke P/E (price/earnings) som eit utgangspunkt for å
samanlikne med andre selskap i same bransje.
eksempel: IMAREX. i årsrekneskapet for 2005 står det at "Earnings per
share" er 1.10 NOK. med ein aksjekurs på 84.75 (dagens kurs) får vi
ein P/E på 77. dette er ganske høgt, men ikkje så uvanleg for eit
selskap i startfasen med potensiale for kraftig vekst. viss IMAREX
ikkje aukar inntektene per aksje, vil ein slik P/E tilsvare ein årleg
forrentning på 100/77 = 1.3% p.a. -- betre å setje pengane i banken,
altså. (dette er sjølvsagt ei grov forenkling -- eit selskap kan
sjølvsagt velje å hamstre pengane i staden for å betale utbytte, men
auka verdi i selskap skal normalt vise igjen på aksjekursen.)
eksempel: ORK. dei har earnings per share på 30.10 og ein kurs på
338.50, noko som gjev ein P/E på 11. dette er ein god verdi for eit
solid selskap som tenar pengar og ikkje veks så mykje lenger.
viss du ikkje finn "earnings per share" i rekneskapet, må du sjølv
finne ut kva nettoinntekta var, og kor mange uteståande aksjar
selskapet hadde.
--
Kjetil T.